I haust har Krudlalaget fått ny lærar, og Kari Malmanger har teke over stafettpinnen etter Judith Vestreim. No er det omlag 70 ungar frå 3-9 år som er med og syng på Leikanger, Kaupanger, Hafslo og i Sogndal. Måndag 15. september fekk dei som ville og kunne vera med på Krudlasamling på Sogn folkemuseum på Kaupanger. Nesten 50 av elevane var med på dette i lag med ein del foreldre, besteforeldre og sysken.
Ungane fekk leika, teikna og sjå seg rundt på museet før Kari baud opp til dans. Det var både «Reven, rotta og grisen», «Danse i ein ring» og «Per Sjuspring». Så var det klart for ein liten huskonsert der dei song både songar dei kunne frå før og songar dei nyss hadde lært: «Katten bad pusen», «Røysekatten» og endå fleire. «Ein feiekost» vart nok den kjekkaste, då alle foreldrene også måtte trimma litt med å reisa seg opp kvar gong vi song «i pipa». Alle Krudlarar som ville prøva å syngja solo eller i ei lita gruppe fekk prøve det, og vi fekk høyra eit variert repertoar. Foreldrene var eit fantastisk publikum!
Etter konserten baud Anette Krudlalaget på bollar, og gjestene kunne handla i kafeen før vi hadde eit koseleg bordsete. Alle i Krudlalaget fekk eit lodd, og på det kunne dei vinna ein liten premie for den flotte innsatsen på konserten. Vi song ein farvel-song til slutt.
Tusen takk til Sogn folkemuseum for at vi fekk komma på besøk, og ikkje minst til Anette som arbeidde fleire timar med baking, svelesteiking og å vera vertskap for oss denne ettermiddagen. Takk også til Andreas og Lasse som hjalp til med rydding etterpå.
Vi kjem att til museet søndag 16. november. Då er det Førjulssøndag og Krudlalaget skal halda konsert!